Premiedryss til beste gründer-fotografi

Gründerportalen Kom-an.no lyser ut fotokonkurranse. Konkurransen skal bidra til å skapa engasjement for etablerarverksemd, og toppremien er på heile 10.000 kroner. Dei ti beste bileta vert premiert.
PRESSEMELDING:
Delta med dine bilete
- Kva forbinder du med temaene ”skaparglede”, ”gode lokalsamfunn” og med ”Kom-an-hoppet”? Ta eit godt bilete og send det til oss, oppfordrar rådgjevar Jon-Erik Vollan i næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Bileta kan med gjerne visa menneskjer og/eller element som viser til stadar i Hordaland.

Vidt tema
Når temaet er såpass vidt, er det nettopp for å ta høgde for den store variasjonen som finst i publikum si førestellingsverd kring gründerverksemd. Folk skal kunna kjenna seg att i temaet, seier Vollan som er spent på å få visualisert kva folk flest forbinder med entrepenørskap.

- Etablererverksemd er høgt prioritert i Hordaland fylkeskommune. Diverre finst det lite biletmateriell som er eigna til å illustrera temaet på ein god måte, held Vollan fram.

Kva er eit kom-an hopp?
-Bruk fantasien din og vis oss korleis du meiner best at eit slikt hopp skal gjerast.

Dei som deltek i konkurransen må vera innforstått med at alle bilete – også dei som ikkje vert premierte – kan verta nytta i samanhang med profilering av nettstaden kom-an.no.

Freisten for å senda inn gode bilete er 10. november kl 12.00.

For deltaking og informasjon om konkurransen
www.kom-an.no/foto10
Erik Aarsand - Fotokonkurranse
Fotokonkurranse
Erik Aarsand
Delta i konkurransen "Tid foto Foto"
Erik Aarsand - Kva er eit kom-an hopp? -Bruk fantasien din og vis oss korleis du meiner best eit slikt hopp skal gjerast.
Kva er eit kom-an hopp? -Bruk fantasien din og vis oss korleis du meiner best eit slikt hopp skal gjerast.
Erik Aarsand
Kom-an hoppet gjenspegler glede, vilje, mot og innsats til å "ta steget".
 - Tid for foto
Tid for foto
Delta med dine bilete og vis oss kva du forbind med temane i konkurransen. Toppremien er på heile 10.000 kr, dei ti beste bileta vert premiert.

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu